søndag 16. november 2008

Splash Splash

Og plutseleg er alt berre mykje betre.  Som om skyane endeleg lettar litt opp, og alt blir med ein gong klarare.  Å vere glad er ein herleg kjensle.  Ut til Albir i dag og ta ein kaffe med Ida.  Sola skinner, sikkert ein 20 gradar.  Ikkje noko mørketid eller anna vrøvl.  Det er jo ein ting å vere glad for berre det!  

Igår hadde eg det forresten kjempefint.  Vi dro til Benidorm, og møtte mange "nye" hyggelege folk.  Det blei fort høy partyfaktor med dei gamle hip-hop (osv)  hitane + dei spanske.  Eks, La Tortura med Shakira og han der mannen.  Vi drakk "pints" (omtrent 0.6, må desverre pineleg inrømme at eg ikkje veit eksakt kva det er) og den gamle klassikaren vodka redbull med billig russisk vodka 40% til 40kr for ein flaske (kjøpt på butikken) men ute er det billig og,  ca 5 euro for en drink.  No høyrast ein vel ut som alkoholikar her, men poenget var berre at det var gøy!  

Så var det å danse, ete pizza, og preike sjit til klokka 7 om morgonen (og det var mest fordi vi skulle  "få litt søvn" som ikkje blei eit faktum likevel fordi Mariel stod da opp klokka 0940, da var eg ikkje så fornøgd for å sei det sånn, haha)

For utenom det var det padling på onsdag, og eg kom enno ein gong i "ferie-følelse" midt i november.  Var syyyykt gøy,  men tenkte at det hadde vore ENDA gøyare om media-folka mine hadde var her.. jajajajaa

2 kommentarer:

Anonym sa...

så kjekt då :) bra du har det kjekt :D

NinaBallerina sa...

media folkan savne også ho media-natasha :) <3